Gorrlaus Folk Music series Per Gudmundson & Ola Bäckström + Stein Versto

Gorrlaus Folk Music series 
Per Gudmundson & Ola Bäckström + Stein Versto

Avlyst/ Cancelled

21. March @ 20.00


NO (See english below)

Per Gudmundson: svensk sekkepipe og fele

Ola Bäckström: fele

Stein Versto: hardingfele

Per Gudmundson og Ola Bäckström spelar musikk frå Dalarna i Sverige.

Meir spesefikt Rättvik og Ore. I Dalarna lever folkemusikk tradisjonane framleis i beste velgåande og det er mykje flott musikk å spora attende til dei traktane. Gudmundson og Bäckström har kjent kverandre og spelt saman siden 70-tallet og har gjort fleire utgjevingar saman. Gudmundson hadde og ei sentral rolle i gjenopplivinga av den svenske sekkepipa. Det er kanskje ikkje så mange som er klar over det, men sekkepipe er eit instrument som har blitt spelt i Sverige i hundrevis av år. Frå 1500-tallet til godt utover 1900-tallet. Siste spelemann som hadde tradisjonen i arv døydde i 1949. Saman med intrumentmakar Leif Eriksson, lagde Gudmundson rekonstruksjonar av gamle sekkepiper frå Dalarna. Dette resulterte i utgjevinga “säckpipa” i 1983. Ola Bäckström er og med på denne utgjevinga, og det er ei imponerande framsyning av den svenske sekkepipa, både solo og i samspel med lire, fele og vokal. Gudmundson og Bäckström kjem til å spele fyrste del av konserten med sekkepipe og fele og andre del med to feler.

Stein Versto er hardingfelespelemann, forfattar, lyrikar og omsettar frå Vinje i Telemark. Versto debuterte som forfattar med novellesamlinga “Ho blei borte i trappene”, som fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris i 1990. Hardingfelespel har han lært av storleiker som Bjarne Herrefoss, Kjetil Løndal og Eivind Mo. I 2011 gav han ut Urjen, ei innspeling med slåttar av Olav og Eivind Groven. I fjor gav han ut boka, “Tonen frå heimlandet”, på sitt eiege forlag, “Uteksti”. Boka tar for seg smedal-spelemennene som utvandra til USA. Konserten med Stein Versto kjem til å bestå av slåttar frå Olav og Eivind Groven og frå Eiliv og Gunleik Smedal.

Gorrlaus er en konsertserie kuratert av Anders Hana som presenterer tradisjonell folkemusikk, sammen med musikk som tar tonalitet og rytmiske elementer fra folkemusikk for å skape noe nytt.

Gorrlaus er støttet av Stavanger Kommune, Arts Council Norway, and Rogaland Fylkeskommune.


EN

Per Gudmundson: swedish bagpipe and fiddle

Ola Bäckström: fiddle

Stein Versto: hardanger fiddle

Per Gudmundson and Ola Bäckström will present music from Dalarna-county in Sweden, and more specifically Rättvik and Ore.  Per Gudmundson were a key figure in the revival of the Swedish bagpipe tradition and released the record “säckpipa” in 1983. Ola Bäckström is also included on this release, which is an impressive demonstration of the swedish bagpipe both solo and played together with hurdy-gurdy, fiddle and vocals. Many might think of Scotland and Ireland when bagpipes are mentioned. But bagpipes have existed for more than a thousand years in different shapes and forms and are beleived to have it’s origin in the middle east. The instrument is still played in many countries throughout the world.

Per Gudmundson and Ola Bäckström will perform one part of the concert with bagpipe and fiddle and the second part with two fiddles.

Stein Versto is a folk musician, writer and translater from Vinje in Telemark. He has learned hardanger fiddle playing from great names such as Bjarne Herrefoss, Kjetil Løndal and Eivind Mo. 2011 saw the release of Urjen, where Stein Versto is performing songs of Olav and Eivind Groven.

In 2019 he released the book, “Tonen frå heimlandet”,  on his own publishing house, “Uteksti” about  “Smedal spelemennene”. This concert will consist of both material from Olav and Eivind Groven and from Eiliv and Gunleik Smedal.

Gorrlaus is a concert series curated by Anders Hana which presents traditional folk music, along with music that takes tonal and rhythmic elements from folk music to create something new.

Gorrlaus is supported by Arts Council Norway, Stavanger Kommune and Rogaland Fylkeskommune.